Å kome i Bruckner-alderen

(Bilde: Paul Helm Art / Alamy Stock Photo)

Bruckner-månaden er over. Bruckner-livet er i gang.

Eg begynte min Bruckner-månad 1. februar. Planen var enkel: Høyre på musikk av Anton Bruckner kvar dag i ein månad, og sjå kva som skjedde. Prosjektets finaledato vart sett til 1. mars, med Oslo-Filharmoniens framføring av Bruckners symfoni nr. 6.

Etter nokre veker med intens lytting begynte eg omsider å lese i bøker om Bruckner og å diskutere komponisten med musikarane i orkesteret. Og det temaet som oftast kom opp i mine samtalar om Bruckner, var alder.

"Bruckner er dei modne dirigentars domene," sa éin musikar. "Eg var nesten 60 år før eg begynte å like Bruckner," sa ein annan. "Bruckner blir større med åra, til han blir ein gigant," sa ein tredje.

Musikkprofessor Erling E. Guldbrandsen bekreftar tendensen i boka Musikk og mysterium: "Det er påfallende mange dirigenter, musikere og musikkelskere som rapporterer at de måtte bli godt voksne før de kunne forstå Bruckner, at de først langt ute i førtiårene kunne føle seg hjemme i disse vide og fremmedartede landskapene. Alderen varierer."

Er dette kanskje døden? spør Richard Strauss i siste linje av sine Vier letzte Lieder (med poeten Eichendorffs ord). Eg ventar med dét og spør i staden: Er dette kanskje Bruckner-alderen? Kan eg, ikkje særleg langt ute i førtiåra, setje den i gang sjølv? Eller må eg vente til livserfaringane blir tunge nok til å senke meg ned på det store Bruckner-djupet?

Jo, det tok tid å kjenne seg heime i Bruckner-landskapa. Symfoniane har særtrekk som luggar i lytteopplevinga i starten. Så finst det også ein drøss av brutale utsegn om denne musikken. Dyneley Hussey kom med eit av dei eg kan kjenne meg att i: "Å lytte til Bruckner er som å køyre gjennom ein by full av trafikklys som alle skiftar til raudt når ein nærmar seg."

I prosessen med å bli kjent med symfoniane opplevde eg ofte kjensla av at «no forstår eg kva som kjem», for så å bli overraska over raske skifte eller bråstopp i musikken. Men når ein blir kjent med musikken, er det ikkje slik lenger. Då er symfoniane meir som svingete vegar i vakre landskap: køyringa blir rykkete før ein kjenner vegen og meir behageleg etter kvart.

Sjølve konserten 1. mars med Bruckners sjette symfoni vart eit høgdepunkt for meg. Etter ein månad med Bruckner-boksemat, var eg inderleg klar for ekte vare. Då musikken var i gang, var det lett å tru på at det skal ein moden dirigent til for å forme heilskapen. Juanjo Menas innsats på podiet minte meg om ein brytekamp med ein kjempeblekksprut.

Dirigenten vann − og symfonien også. Det eg huskar best, er det makelause, intense strekket fram mot slutten av første satsen. Det stod ikkje like tydeleg fram då eg høyrde verket på plate. Var det tolkinga som var ekstra god? Eller spelet? Sikkert begge deler. Og så er det noko med musikken som truleg når betre gjennom i konsertsalen enn nokon annan stad.

Eg har nok framleis mange djup å utforske i mi Bruckner-lytting. Men eg har i alle fall begynt nedsenkinga. Og om Bruckner-månaden er over, har eg ikkje slutta å lytte til Bruckner. Frekvensen er lavare, men eg er stadig innom. Og neste sesong skal Oslo-Filharmonien spele to Bruckner-symfoniar, nr. 7 og nr. 9. Eg er klar. Så er eg vel komen i Bruckner-alderen, eg òg. 

Fred-Olav Vatne er nettredaktør i Oslo-Filharmonien.

Les også:

Tar du Bruckner-utfordringa?

Mine fem første dagar med Bruckner

Bruckner-begynnarens fem første favorittar