Bruckner-begynnarens fem første favorittar

Sidan 1. februar har eg høyrt alle Anton Bruckners ni symfoniar. Her er høgdepunkta så langt.

Skrevet av Fred-Olav Vatne

Alle gode forsett har sine opp- og nedturar. Så også mitt februarforsett om å lytte til Anton Bruckners musikk kvar dag i heile månaden. Nokre dagar har musikken hans surra i timevis. Andre dagar har det blitt med éin sats. Og ein heseblesande kveld kom eg ikkje på Bruckner før klokka viste 23:57. Eg kunne i det minste begynne eit nytt døgn med ein oppkvikkande Bruckner-scherzo.   

Med ei veke igjen av Bruckner-månaden har eg oppnådd mykje av det eg ville: gi musikken hans ein real sjanse og kjenne smaken av kva som gjer enkelte til innbitte Bruckner-fans. Eg er ikkje på det nivået sjølv enno, men eg har funne mykje å like. Eg har kjent på trangen til å spele av dei mest magiske øyeblikka for andre. Her er dei fem satsane eg likar best akkurat no.

Her finn du satsane samla: Bruckner-begynnerens favorittar

Les meir: Tar du Bruckner-utfordringa?

Les også: Mine fem første dagar med Bruckner

Symfoni nr. 2, 2. sats

Eg er ikkje nokon stor Adagio-lyttar. Den raskaste vegen til mitt musikkhjarte er fart og spenning. Og Bruckners langsame satsar er til dels lange og seige. Men «fjell skjuler skatter», som det heiter i songen. Når eg klarer å roe pusten og tanken og lar Bruckner bruke den tida han treng, kjem gullet fram. I denne satsen ligg dei nært overflata: skinnande klangar, melodiar og stemningar heile vegen.

Symfoni nr. 4, 3. sats

Nesten kvar som helst i Bruckners symfoniar kan det dukke opp intense, mektige parti med voldsomt trøkk. Men dei mest jublande, fargerike partia må ein gjerne vente ei stund på. Denne er annleis: Her er det full fest frå første minutt, og feiringa held fram, med fine neddempa avbrekk innimellom. Alle Bruckners symfoniar har ein Scherzo-sats, men dette er den einaste som opnar i dur.

Symfoni nr. 5, 1. sats

Innleiinga av symfonien er spekka med action: Først ei mjuk innleiing med ei nydeleg basslinje i pizzicato. Så eit eksentrisk avbrekk med buldrande, unison melodi og lange stopp. Musikken stig så raskt frå neddempa strykarar til eit hamrande høgdepunkt … som døyr ut før eit nytt, friskt tema tar over og bygger seg voldsomt opp … og det var berre dei første tre-fire minutta av 20 i denne satsen!

Symfoni nr. 8, 2. sats

Dei allereie nemnde Scherzo-satsane er gode å ha for ein Bruckner-begynnar i startfasen, sidan dei er kortare enn dei andre satsane, gjerne mellom åtte og tolv minutt. Denne er ein av få Bruckner-satsar som fenga meg umiddelbart, ved første gjennomlytting. Dei mest intense partia har nokre herlege, «moderne» harmoniar som får til å kjenne meg heime raskare enn elles.

Symfoni nr. 8, 4. sats

Det har blitt sagt at Bruckner «skreiv den same symfonien ni gonger». Han som sa det, Edward Abbey, var ingen stor musikkautoritet. Men det er godt sagt, det er nokre gram sanning i det og det er lett å hugse. Mange av førstesatsane minner litt om kvarandre, likeins Adagio-satsane, Scherzoane og så vidare. Men det er jo ikkje nødvendigvis noko gale i dét.

Finalane, altså den fjerde og siste satsen i kvar symfoni, er dei eg har vanskelegast for å like. Eg opplever dei ofte som rotete og masete. Det er så mykje som skal seiast på kort tid. Når eg må ty til symfoni nr. 8 igjen, har eg vel avslørt at det er den som totalt sett ligg øvst på mi favorittliste til no. Innleiinga av sistesatsen er intens og effektiv, og rammar inn satsen på ein tydeleg og gripande måte.

Ei veke igjen, altså. Litt ferie, til og med. 

Eg skal nok kome endå litt djupare i Bruckners musikk på den tida.

Fred-Olav Vatne er nettredaktør i Oslo-Filharmonien.