Mine fem første dagar med Bruckner

Korleis halde konsentrasjonen gjennom ein times symfoni? Eg har funne ei løysing på mitt første Bruckner-problem.

Skrevet av Fred-Olav Vatne

Det er sjette februar, og eg er seks dagar inn i den musikalske utfordringa eg har gitt meg sjølv (og andre): å lytte til Anton Bruckners musikk kvar dag i ein månad. Det handlar om å utforske ein av dei kvite flekkane på musikkartet mitt, og eg deler erfaringar undervegs. Her kjem "dagboka" frå mine første Bruckner-dagar. 

Les meir om konseptet her: Tar du Bruckner-utfordringa?

Første februar var eg på Oslo-Filharmoniens konsert med musikk av Golijov, Berg og Mahler. Altså ein bra dag for lytting, men ein dårleg dag for Bruckner. Eg sette på førstesatsen frå symfoni nr. 6 i ei ledig stund på kontoret. Eg klarte berre å konsentrere meg sånn passe. Utbyttet var deretter.

Andre februar jobba eg det meste av dagen med ein video om Igor Stravinskijs Petrusjka. Det låg an til nok ein dårleg dag for mine gode Bruckner-intensjonar. Men eg var i det minste innom faren min på veg heim og lånte med meg ein bunke Bruckner-LP-ar, med alle symfoniane frå nr. 2 til nr. 8.

På kvelden hadde eg rikeleg med husarbeid å ta igjen etter ei travel veke, og tilsvarande lite tid til å setje meg ned. Eg tok fram Bruckner-lista eg sette saman på Spotify før på dagen og leita opp symfoni nr. 1. Med smarttelefon og hovudtelefonar rydda eg og vaska opp gjennom heile symfonien.

Om verken utstyret eller omstenda var dei beste for Bruckners musikk, vart dette den eigentlege starten på Bruckner-månaden for meg. Førstesymfonien viste seg å vere musikk det var lett å like og lett å følge med på. Eg avslutta dagen lett til sinns og med lyse forventingar til komande symfoniar.

Tredje februar var det familiedag i Oslo-Filharmonien, og eg kom heim på ettermiddagen med nokre timars barnelarm og Paul Pattersons "De tre små grisene" ringande i øyrene. Eg prøvde meg på symfoni nr. 2, men måtte erkjenne at eg ikkje hadde tilstrekkeleg ro til å ta inn musikken.

Som Daniel J. Levitin skriv i boka This Is Your Brain On Music (også omtalt i første innlegg), har kompleksitetsnivået mykje å seie for kva vi likar. Er musikken for enkel for oss, går vi lei. Vi treng overraskingar for å halde interessa. Men er musikken for kompleks, mistar vi motet og slår av.

I møte med Bruckners symfoni nr. 2 måtte eg erkjenne at eg ikkje hang heilt med i svingane. Skifta og overraskingane kom såpass ofte at eg mista oversikta. Og når eg mistar oversikta, mistar eg fort konsentrasjonen, enten eg går heime med headset eller sit i konsertsalen.

Fjerde februar hadde eg omsider tid til å ta fram LP-en med symfoni nr. 2 og sette den på i stua. Men korleis skulle eg halde konsentrasjonen skikkeleg? Eg var ikkje så gira på å lese meg opp på Bruckners formspråk − enno. Eg prøvde ein annan, heimesnekra framgangsmåte i staden.

I staden for å prøve å oppfatte eksakt kva som skjedde teoretisk, begynte eg å skrive ned korleis eg oppfatta det musikalske terrenget. Kvar gong det skjedde noko markant nytt, skreiv eg ned tidspunkt og kva som skjedde. "Nytt tema i dur." "Stemningsskifte." "Tar det heilt ned." Og så vidare.

Denne øvinga gjorde meg i første omgang til ein langt meir merksam lyttar. Eg var umiddelbart meir motivert for å finne linjene, skifta og systemet i musikken. Eit par timar seinare, etter nokre avbrot og distraksjonar, hadde eg eit personleg vegkart til heile symfonien.

Femte februar kunne eg hauste fruktene av strategien. Då eg sette meg ned på kvelden for å lytte på nytt, hadde eg ei skisse framfor meg til kva eg skulle oppleve. No var det dessutan tredje gongen eg høyrde symfonien, og eg begynte å kjenne meg att i musikken.

På morgonen sjette februar kan eg slå fast at eg har fått ein Bruckner-sats på hjernen: tredjesatsen frå andre symfoni. Ikkje eigentleg favorittsatsen hittil (det er sats nr. 2), men den som sit best fast i hovudet. Der skal den få lov å vere så lenge.

Del gjerne dine lytteerfaringar med dei andre i gruppa Oslo-Filharmoniens Lytteklubb på Facebook!

Fred-Olav Vatne er nettredaktør i Oslo-Filharmonien.