Tar du Bruckner-utfordringa?

Éin månad. Éin komponist. Er du med?

Skrevet av Fred-Olav Vatne

Bilde: Paul Helm Art / Alamy Stock Photo

Tida er inne. Anton Bruckner skal få sin sjanse til å overtyde meg om sine unike evner som orkesterkomponist. Greit, han har vore død i over 120 år og bryr seg neppe. Men kanskje livet mitt her og no kan bli litt rikare på ein eller annan måte? Og kanskje ditt også?

I boka «This Is Your Brain on Music» skriv hjerneforskaren Daniel J. Levitin om eit fenomen mange av oss truleg kan kjenne seg igjen i: vi er mest opne for nye musikalske impulsar i tenåra, og dei fleste har i all hovudsak etablert musikksmaken sin for resten av livet innan dei er tjue. Forfattaren gir inga definitiv forklaring på fenomenet, men drøftar både sosiale og fysiske faktorar som kan verke inn.

Eg likar ikkje så godt å tenke på at eg kanskje passar inn i mønsteret. I min versjon av tenåra kasta eg meg over ulike musikksjangrar med stor iver og etablerte eit sjølvbilete som ein open og nysgjerrig lyttar. Mest tid brukte eg til å utforske orkestermusikk, og planen var å snu kvar ein stein i det klassiske musikkterrenget for å leite fram nye og gamle, store og små meisterverk. Det heldt eg fram med eit stykke inn i tjueåra.

Så kom vaksenlivet sigande på med alle sine forpliktelsar. Det var ikkje lenger så enkelt å finne tid til å grave i pappas platesamling eller seinare å spele nye, spennande komponistar på Spotify. Eg hadde rukke å gjort meg litt kjend med dei fleste "store" komponistane innan klassisk musikk. Men det var også nokre eg knapt hadde brukt eit kvarter på å utforske. Éin "sværing" peika seg ut i så måte: Anton Bruckner, med sitt lass av enorme symfoniar.

Eg vart ekstra merksam på mine Bruckner-manglar då eg for eit par år sidan intervja forfattaren Knut Olav Åmås om kvifor Bruckner er favorittkomponisten hans. Han forklarte korleis han og eit knippe entusiastar hadde brukt lange kveldar til å lytte gjennom Bruckners symfoniar til dei verkeleg fekk musikken hans under huda. Når eg les om igjen Åmås si forteljing no, tilseier kjapp hovudrekning at han var godt over tredve då "Bruckner-oppvåkninga" fann stad.

Så kanskje er det håp for meg og Bruckner óg, sjølv om eg har bikka førti? Heldigvis finst det ifølge hjerneforskar Levitin ikkje noko gitt punkt i livet der ein ikkje er i stand utvide horisonten og like heilt nye ting. Men ein treng gjerne god tid til å venje seg til nye merkesteinar i musikken så ein kan halde seg orientert og følge med. Og så er det jo ikkje sikkert ein likar musikken likevel.

Eg treng nok god tid for å verkeleg bli kjent med og like Bruckners musikk. For den er annleis enn det meste av musikken eg kjenner godt og likar frå før. Men eg har jo ikkje 10.000 timar, heller. Så eg har lagt ein enkel plan:

Eg skal lytte til Bruckners musikk kvar dag ein månad i strekk. Rett nok den kortaste månaden, februar. Eg skal lytte så mykje eg kan, først og fremst på symfoniane. Eg skal lytte på ulike tider av døgnet og i ulike situasjonar. Eg skal søke lyttetips hos kjentfolk i Bruckner-terrenget, skrive ned (og dele) mine erfaringar undervegs, og prøve å få med meg nokre til på eksperimentet.

Du kan følge med og ta del på den nye Facebook-gruppa vår, Oslo-Filharmoniens Lytteklubb. 1. mars avsluttar eg prosjektet med å høyre Anton Bruckners symfoni nr. 6 med Oslo-Filharmonien i Oslo Konserthus. Kanskje blir det tidenes musikkoppleving. Er du med? Tar du Bruckner-utfordringa?

Fred-Olav Vatne er nettredaktør i Oslo-Filharmonien.