− Difor er Bruckner min favorittkomponist

Knut Olav Åmås står for innleiinga til musikken før Oslo-Filharmoniens Bruckner-konsert torsdag. Fritt Ord-direktøren får med seg alt han kan av favorittkomponisten enten han er i Oslo, Wien eller New York.

Skrevet av Fred-Olav Vatne

Knut Olav Åmas oppdaga Bruckner for alvor gjennom ein lyttesirkel og flotte konsertar i Wien.

Foto Fred-Olav Vatne

Knut Olav Åmås hugsar ikkje når han høyrde Anton Bruckners musikk for første gong, men hugsar svært godt korleis interessa verkeleg tok av:

− For rundt 15 år sidan var eg med i ein lyttesirkel som møttest i Uranienborg menighetshus, i ein stor sal med god akustikk, seier Åmås.

– Eg har vore med i både lesesirklar og filmsirklar, men denne lyttesirkelen var verkeleg heilt spesiell. Vi var fire-fem personar som kom saman nokre gongar i året og berre høyrde på Bruckner, tok for oss eitt verk om gongen og samanlikna innspelingar. Vi hadde svært ulik bakgrunn, ein var meisterkokk og eg ein glad amatør når det gjeld musikk, men vi hadde òg med musikkeksperten Erling Sandmo, som løfta kunnskapsnivået betydeleg. Vi lytta oss gjennom det meste av Bruckners musikk og brukte mykje tid på symfoniane.

Åmås, som for tida er aktuell med ny bok om Wien, hadde på den same tida store konsertopplevingar nettopp i byen der Bruckner budde då han slo gjennom som komponist:

− Eg høyrde mellom anna ei av messene hans i Augustinerkirche i Wien på slutten av 1990-talet. Det var ei stor oppleving, ikkje minst fordi vi var i den kyrkja der Bruckner arbeidde som organist då han kom til byen. Messene har eg etter kvart hørt live i kyrkjer i Wien alle saman, dei burde ha vore framført oftare i Noreg.

Les meir om konserten: Bruckners femte symfoni med Saraste

– Nesten himmelsk

Etter desse opplevingane inntok Anton Bruckner ein unik plass i Åmås’ musikkhjarte:

− Det er berre ein annan komponist i musikkhistoria som gir meg den same kjensla av noko religiøst og nesten himmelsk som eg får hos Bruckner, og det er Bach. Musikken som kirke og katedral og uttrykk for ein streben etter noko høgare, det er kanskje det mest unike eg ser hos Bruckner – sjølv om eg ikkje er religiøs i det heile.

Denne veka skal Knut Olav Åmås for tredje gong innleie til ein av Bruckners symfoniar i Oslo Konserthus, under arrangementet «Bak notene» i Glasshuset ein halvtime før konserten.

– Dette er oppdrag eg alltid seier ja til, om eg har høve, og eg gler meg til torsdagens konsert. Den femte symfonien, som Oslo-Filharmonien skal spele no, gjer eit anna viktig trekk ved Bruckners musikk ekstra tydeleg; den gir ei oppleving av musikken som arkitektur, som eit byggverk.

− Gjer inntrykk fordi han er så voldsom

Åmås utforskar også gjerne Bruckners musikk heime i sofaen, der han set stor pris på å kunne lytte til og samanlikne rundt 50 CD-ar med symfoniar og andre verk. Favorittdirigenten hans når det gjeld Bruckner er rumenske Sergiu Celibidache.

− Det er lærerikt å samanlikne innspelingar fordi ein oppdagar kor forskjellig stor musikk kan tolkast. Celibidache er kanskje den mest ekstreme − han såg på musikk som rom å vere i, som ein avansert form for meditasjon. Han brukar opp til 20-30 minutt lengre enn andre på enkelte symfoniar. Når du ikkje trur det kan gå saktare, går det jammen endå litt saktare.

Slik blir det endå klarare at Bruckners musikken kan opplevast som byggekunst, som arkitektur:

− Det er noko med Bruckners symfoniar som gjer ein i stand til å oppdage korleis musikken er bygd opp, strukturen er på ein måte gjennomsiktig. Bruckner brettar ut dei ulike delane som symfonien er sett saman av.

Til dei som ikkje har fått opp øyra for Bruckners musikk enno, anbefaler Åmås å ta seg god tid:

Bruckner gjer sterkt inntrykk fordi han er så voldsom på mange måtar, både i instrumenteringa og i lengda på symfoniane. Ein bør vere utkvilt og opplagt før ein set i gang med å lytte, symfoniane hans passar ikkje særleg godt som bakgrunnsmusikk.

Oslo-Filharmonien dirigert av Jukka-Pekka Saraste spelar Anton Bruckners Symfoni nr. 5 i Oslo Konserthus 28. januar kl 19.00. Knut Olav Åmås innleier til konserten i Glasshuset kl 1830-1845.