​– Den einaste kontrabassen i sitt slag

Denne veka blir Oslo-Filharmoniens solobassist Kenneth Ryland Dextra-musikar, og kjem dermed til å spele på eit heilt unikt instrument framover, bygd i Cremona i 1680.

Skrevet av Fred-Olav Vatne

Kenneth Ryland med sin "nye" kontrabass frå 1680.

Foto Fred-Olav Vatne/Oslo-Filharmonien

– Den er fantastisk både når det gjeld utsjånad og klang, seier Kenneth Ryland om den "nye" kontrabassen sin, som han låner av Dextra Musica, eit dotterselskap av Sparebankstiftelsen DNB.

Dextra Musica har sidan 2006 kjøpt inn ei rekkje strykeinstrument frå øvste hylle som dei låner ut til norske musikarar. Instrument av denne typen kan koste fleire millionar kroner, og ordninga gir musikarane høve til å spele på kvalitetsinstrument dei elles ikkje ville hatt råd til.

– Eg har stått på venteliste hos dei i mange år, fortel Kenneth Ryland.

– Det har teke si tid å finne eit passande instrument, men så dukka altså denne muligheita opp.

Gjenoppdaga for ti år sidan

Byen Cremona i Nord-Italia var på 1600- og 1700-talet senteret for ein gullalder i produksjonen av strykeinstrument. Kontrabassen Kenneth Ryland skal bruke, vart bygd av Hieronymus II frå Amati-familien, som fostra fleire generasjonar med berømte instrumentmakarar.

– Hieronymus II Amati var lærling hos faren Niccolò Amati i verkstaden hans i Cremona, fortel bassisten.

– Han bygde dette instrumentet der i 1680, og det er den einaste kjende kontrabassen frå tidleg cremonesisk tid. Den er altså heilt unik, den einaste kontrabassen i sitt slag. Den vart restaurert for ti år sidan, og då kom det for dagen kor eineståande den var. Dei skrapa av nokre merker inne i lokket, og fann ut at det var ein ekte Amati.

– Den opnar for nye måtar å spele på

Kontrabassen gir Kenneth Ryland nye musikalske muligheiter:

– Det bur masse i kontrabassen klangmessig, den opnar for nye måtar å spele på. Klangen og vibrasjonane frå instrumentet er større og meir levande enn eg er vant med. Samstundes krevjer instrumentet at ein spelar på ein bestemt måte, og det tek det tid å venne seg til.

Ein ting Kenneth ikkje kan svare på, er kor verdifullt instrumentet er:

– Akkurat kor mykje den er verdt er ikkje det som betyr mest for meg. Det er nok å vite at den er langt dyrare enn eg hadde hatt muligheit til å skaffe på eiga hand, og at eg må ta ekstra godt vare på den. Eg er svært takknemlig for at eg får bruke instrumentet.

Tirsdag kveld vert Kenneth og kontrabassen presentert som Dextra-musikar og -instrument, under ein konsert på Sentralen i Oslo der fleire andre musikarar frå Oslo-Filharmonien tek del.

Les meir om instrumentet: Hieronymus II double bass