− Klassisk musikk set i gang fantasien

Då Herborg Kråkevik hadde sitt første klassiske kick, nekta ho for at ho gjorde det frivilleg. Sist veke leia ho sju julekonsertar med klassisk musikk for meir enn åtte tusen tilhøyrarar.

Skrevet av Fred-Olav Vatne

Oslo-Filharmonien gjorde i si siste konsertveke før jul ein kraftinnsats for å skape klassisk julestemning i hovudstaden, med sju julekonsertar saman med Oslo Filharmoniske Kor, trompetist Tine Thing Helseth, tenor Bror Magnus Tødenes og dirigent Cathrine Winnes. I spissen for denne horden av musikarar stod Herborg Kråkevik som konfransier og songar.

Herborg har ein hektisk vinter: I november var ho med på å setje publikumsrekord med Hellemyrsfolket på Den Nationale Scene i Bergen, ho har vore redaktør for juleheftet Juleroser som ho har blåst liv i etter 70 år, og frå januar spelar ho hovudrolla i Den glade enke på Oslo Nye Teater. Alt medan Julekongen, der ho spelar dronning, går på TV og kino.

Om ho kjenner behov for å fyre opp litt under kreativiteten i sitt daglege arbeid, kan klassisk musikk vere det som gjer susen:

− Klassisk musikk set i gang fantasien. Det er stort sett klassisk eg høyrer på, enten eg lyttar til radio eller CD-ar.

Herborg har også tidlegare arbeidd mykje saman med klassiske musikarar, mest med Trondheimsolistene, men også med Vertavo-kvartetten, Nidaros strykekvartett og fleire andre.

− Eg likar kammerbesetning veldig godt og har fått mykje av songrepertoaret mitt arrangert for strykarar av dyktige arrangørar.

Vart mørkredd av Albinonis Adagio

Ho vaks opp i Jondal ved Hardangerfjorden, og klassisk musikk var i barndommen først og fremst noko ho høyrde på plate:

− I familien min var klassisk musikk og litteratur dei viktigaste kjeldene til kunstneriske opplevingar. Me budde jo langt frå folk og langt frå byen der alle konsertar var, så platesamlinga til foreldra mine vart heilt avgjerande. Eg hugsar eg var så redd for Albinonis Adagio − den vart eg mørkredd av − medan eg dansa kunstløp på golvbelegget til Strauss.

Det fyrste verket Herborg frivilleg sette seg ned og lytta til, var Schuberts ufullendte symfoni.

− Den gjorde så sterkt inntrykk på meg, men då foreldra mine kom heim og oppdaga LP-en på spelaren, nekta eg for at eg hadde høyrt på klassisk frivillig ...

I vaksen alder har ho bytta favorittkomponistar frå Mahler og Tsjaikovskij til Debussy og Ravel.

− Men Bach har alltid vore der. Og der vert han verande. Det er som å koma heim kvar gong eg høyrer eit Bach-stykke. Eg er også veldig glad i Carl Nielsen sine symfoniar og sjølvsagt i Grieg − eg trur ikkje eg har høyrt andresatsen frå pianokonserten ein einaste gong utan å grine! På den danske "alltid klassisk-kanalen" spelar dei Grieg nesten annankvar time, så det var faktisk deilig å vere norsk i Danmark.