I tett samarbeid med verdsberømt komponist

Eldbjørg Hemsing førebur seg til å urframføre ein ny fiolinkonsert av Tan Dun – for fjerde gong.

Skrevet av Fred-Olav Vatne

Fiolinist Eldbjørg Hemsing og komponist og dirigent Tan Dun på scenen i Shanghai i 2010. (Foto: Patrick Wack)

Eldbjørg Hemsing møtte Tan Dun under verdsutstillinga i Shanghai i 2010, då ho urframførte fiolinkonserten «The Love» saman med Trondheim Symfoniorkester.

− Heilt frå det første møtet hadde vi ein utruleg fin musikalsk energi saman, fortel Eldbjørg Hemsing på telefon frå Berlin nokre veker før konserten med Oslo-Filharmonien og Tan Dun 19. september.

Kinesiske Tan Dun er i Noreg truleg mest kjent for filmmusikken til «Snikende tiger, skjult drage», men har også ei lang merittliste som komponist for orkester og andre besetningar. Eldbjørg Hemsing hugsar godt det første møtet med komponisten:

− Før vi skulle ha den første prøven i Shanghai, bad han meg møte i studioet hans. Eg var ganske nervøs, det er spesielt å skulle spele eit verk for ein komponist som står der i levande live framfor deg. Før eg spelte, spurte han meg kva eg tenkte om det nye verket, «The Love». Det handlar om kjærleiken og korleis den utviklar seg gjennom tre delar av musikken. Eg forklarte korleis eg såg for meg karakteren i stykket, og då eg var ferdig, sa han: det er akkurat slik eg også tenkjer. Då var vi i gang!

Les meir om konserten i Oslo 19. september: Tan Dun: Tradisjon og innovasjon

Eldbjørg Hemsing er solist med Oslo-Filharmonien på Tan Dun-konserten 19. september. (Foto: Nikolaj Lund)

Har felles røter i tradisjonsmusikk

Sidan 2010 har Eldbjørg Hemsing og Tan Dun hatt eit tett samarbeid og møttest fleire gonger årleg. Begge har røter i heimleg tradisjonsmusikk, og Hemsing trur det har vore sentralt for samarbeidet:

− Han er veldig opptatt av å bevare sin kinesiske tradisjon, samtidig som han er ein vestleg orientert, moderne komponist. Eg har også erfaring med å kombinere røtene i folkemusikken med såkalla klassisk trening. Eg trur forståinga for sine lands kulturar er noko av det som gjer at vi samarbeider så bra. Eg må til dømes ha ein del fleksibilitet i forhold til korleis eg spelar ting.

Dei to har også stått mykje på scenen i lag, med Tan Dun som dirigent:

− Eg har spelt veldig mykje saman med han i Kina, men vi har også vore på turnear i Europa. Det er ei utruleg stor ære for meg å få jobbe så tett og få så mykje tillit av han. Eg gler meg skikkeleg til å kunne spele saman i Oslo, det blir utruleg artig. Det eg likar så godt med å spele med han, er at han gir meg mykje fridom. Eg får høve til å forme ting, samstundes som han er tilgjengeleg så eg kan få vite kva han tenkjer om sin eigen musikk.

− Melodiane er uverkeleg vakre

Under konserten med Oslo-Filharmonien, som er ein del av Ultimafestivalen, skal Eldbjørg Hemsing urframføre ein ny versjon av fiolinkonserten "Fire Ritual – a musical ritual for the victims of war" (den første versjonen er for kinesiske instrument og vestleg fiolin.)

Eldbjørg Hemsing har som vanleg vore sterkt involvert i skaparprosessen og er begeistra for resultatet:

− Mange av melodiane er uverkeleg vakre og går rett til hjartet, og samtidig er det veldig virtuos musikk!

På konsertprogrammet står også "Passacaglia: Secret of Wind and Birds" for mobiltelefonar og orkester og fiolinverka "Rock the Violin in Rhapsody" og "A Dream Out of Peking Opera".

Les meir på Ultimafestivalens sider: Tan Dun with Eldbjørg Hemsing & Oslo-Filharmonien

Oslo-Filharmonien med Eldbjørg Hemsing og Tan Dun kjem også til å spele inn musikken på CD, på platemerket BIS Records.