Finn ny inspirasjon hos gamle læremeistrar

Bror Magnus Tødenes ber læremeistrane sine med seg i veska: der har han bøker av to berømte songlærarar frå 1800-talet.

Skrevet av Fred-Olav Vatne

Stortalentet Bror Magnus Tødenes syng Händels Messias med Oslo-Filharmonien torsdag og fredag denne veka. (Foto: Fred-Olav Vatne/Oslo-Filharmonien)

− Det er veldig spennande å få gjere Messias med unge, likesinna solistar og ikkje minst med ein songar som dirigent, seier tenoren Bror Magnus Tødenes (24). 

Han er ein av fire solistar når Oslo-Filharmonien torsdag og fredag framfører G.F. Händels Messias med Nathalie Stutzmann som dirigent. Det er ikkje første gongen Tødenes er solist med Oslo-Filharmonien, men det er første gongen han er med på å framføre heile Messias.

− Dirigenten viser stor forståing for songarane, og det er utruleg deilig. I Messias kjenner eg meg like mykje som instrumentalist som ein songar. Eg elskar å kunne synge i ensemble og bygge harmoniar saman med dei andre solistane.

Les meir om konserten: Händels Messias

Lærte 25 operaroller på éin sesong

Bror Magnus Tødenes har dei siste åra fått mykje merksemd som eit av dei aller største songtalenta i Noreg, og vart nyleg utpeikt som ein av kandidatane til Statoils talentstipend

Etter å ha vekt internasjonal interesse med CD-debuten og vunne prisar i ein stor songkonkurranse fekk han sesongen 2016−2017 fast engasjement ved Wiener Staatsoper, eit av dei mest prestisjetunge operahusa i verda.

− Året mitt i Wien var rikt på store opplevingar, men det var også utruleg krevjande, fortel han.

− Då eg flytta dit, sa agenten min at om eg overlever dette året, overlever eg alt. Eg måtte lære 25 operaer i løpet av sesongen, nokre på svært kort varsel. Eg kunne ikkje reise nokon stad, måtte alltid vere klar og kunne ikkje bestemme sjølv kva eg skulle synge. Det var til tider eit grusomt press.

Bror Magnus Tødenes med lærebøkene han hentar mest inspirasjon frå for tida. (Foto: Fred-Olav Vatne/Oslo-Filharmonien)

Fordjupar seg i fortidas songteknikk

Under opphaldet i Wien fekk han for alvor opp augene for tidlegare tiders songkunnskap. Under ein prøve vart han oppfordra av den franske stjernedirigenten Marc Minkowski til å ta ein svært lys tone på ein "lett" måte. Minkowski henviste til "korleis dei song på den tida" og gjorde den unge tenoren nysgjerrig.

− Eg fekk lyst til å fordjupe meg i kva song eigentleg er. Eg hadde ikkje muligheit til å reise og ta songtimar, men bestilte minst 20 bøker som skildra songteknikk frå mange ulike vinklar. Eg studerte nøye kva dei ulike kjeldene seier at ein songar må gjere. 

Bror Magnus viser ivrig fram understrekingar i to favorittbøker han alltid har med seg i veska: ei bok med gullkorn av Giovanni Battista Lamperti (1839−1910) og første bind av Manuel Garcia (1805−1906) sitt store songlæreverk. 

− Eg har fått god oversikt over kva ein lærte ut på 1800-talet og kva som blir gjort annleis i dag. Dessverre kan eg ikkje høyre dei som song på den tida, men det har vore svært spennande å danne seg eit eige songideal basert på det eg har lese.  

Marc Minkowski er elles ein av dirigentane Bror Magnus allereie har avtalar om å jobbe saman med vidare, neste gong i Mozart-operaen La clemenza di Tito i Praha i mai 2018. Men først går vegen vidare frå Oslo til juleturné heime på Sunnmøre.

Les meir om konsertane denne veka: Händels Messias